Hardanger –
Konferansen


ein arena
for lokal
mat og drikke

Hardangerkonferansen 2018

Stad: Brakanes Hotel, Ulvik i Hardanger
Tid: 14.-15. november 2018


LUNSJ – LUNSJ KONFERANSE

Konferanse med overnatting og middag:      2.750,-
Konferanse uten overnatting med middag:  2.250,-
Dagpakkar konferanse med lunsj:                     750,-

Spørsmål til post@hardangerraadet.no eller tlf 486 54 550

I 2018 SET KONFERANSEN FOKUS PÅ

Hardanger

– ein region med ei berusande framtid!

Berekraftig reiseliv for framtida

Kva inneber det?

Kreativitet og innovasjon for ei berekraftig utvikling

– Det grøne Hardanger !

Hardangerkonferansen 2018

Salet av sider frå Hardanger har hatt ei fantastisk utvikling dei siste åra. Salsauken for norsk sider gjennom Vinmonopolet  er på heile 130% frå 1. halvår 2017 til 1. halvår 2018 og er i all hovudsak sider frå Hardanger. Dette eventyret er resultat av l angsiktig og målretta arbeid frå dyktige lokale produsentar.
Hardangerkonferansen 2018 vil gje oss innblikk i historia og framtida for sider-produksjonen i Hardanger. Kan Hardanger verta eit merkenamn for lokalprodusert drikke på linje med Champagne?
Me vil også setja fokus på kreativitet og innovasjon som naudsynt for utvikling
av Hardangerregionen.

KVA SKAL ME LEVA AV I FRAMTIDA?
Også i år har Visit Hardangerfjord lagt sin haustkonferanse til Hardangerkonferansen.
I reiselivsbolken vil me setja fokus på berekraft i reiselivet.

Kva betyr det for reiselivsnæringa i Hardanger?

MÅLET MED HARDANGERKONFERANSEN STÅR FAST:

Det som skal verta varig må endrast !
Alle gode krefter som vil utvikling for Hardanger rettar energien same vegen og gjer kvarandre sterke. Motsetningar må på bordet og avklarast. Hardanger er inne i ei op-timistisk tid med betre kommunikasjonar, ny industrisatsing, auka folketal og gode felles-prosjekt. Her vil me bu og leva gode liv. Konferansen rettar seg mot alle med samfunnsinteresse og samfunnsansvar som vil bidra til eit livskraftig Hardanger.

Hardangerkonferansen er eit samarbeids-tiltak mellom
Sparebanken Vest, BKK, Hordaland fylkeskommune, Visit Hardangerfjord, Hordaland Bondelag, Ulvik herad og Hardangerrådet iks

Hardangerkonferansen 2018

Eit samarbeid mellom: